Mette matchar med M. Han viser straks interesse, og ho kan ikkje tru at ein som han ser noko i henne. Når den leikne og uforpliktande relasjonen på SMS går over i fysiske møte, aukar denne usikkerheita. Likevel gir Mette seg heilt over. Ho er hekta og har ingenting å miste. Sjølv når M begynner å trekke seg tilbake, tenker ho at det er no eller aldri. I «Året har tretten netter» møter vi Mette gjennom søvnlause netter, i førebuingar til møte, i analysar av meldingstrådar, samtaler og eigen veremåte, gjennom kvardagar der alt dreier seg om M. «Året har tretten netter» handlar om tillit og sårbarheit, og om å miste seg sjølv. Det er ein ærleg og direkte roman om eit oppslukande, desperat begjær.
Reviews with the most likes.
There are no reviews for this book. Add yours and it'll show up right here!