I ei verd som kan minne om vår eiga, blir den vesle, uavhengige staten Nordriket trua av den overlegne krigsmakta til Føderasjonen. Angrepet på Nordriket set i gang ein geriljakrig der terror og religiøs ekstremisme raskt veks fram. Harald, sonen til den store motstandshelten i Nordriket, forvandlar seg gradvis til ein soldat alle må frykte. Søstera Ingebjørg leitar både etter ektemannen som er teken til fange av Føderasjonen, og etter ein måte å komme seg bort frå krigen på. Men når den føderale offiseren Henok blir sendt for å knuse motstandsrørsla, blir alt kasta om på. To ulike sivilisasjonar kolliderer og set familie, venskap og tillit på prøve - og i spel.
Reviews with the most likes.
There are no reviews for this book. Add yours and it'll show up right here!